HARDANGER BIG BAND

Jondal / +47 416 25 549  / angunnh@online.no

© 2019 Hardanger Big Band.

  • YouTube Social  Icon
  • LinkedIn Social Icon
  • Facebook Social Icon

Turné i Roma 24. - 26. mars 2017

Som ein del av 30-års jubileet vårt, reiser me til Roma !

Me samarbeider med jazzsongarinna Nina Jori Pedersen. Ho er norsk, men har budd i Roma i mange år. Der jobber ho som komponist og songar, og har sitt eige band og kor. Sjekk Facebook-sida hennar!

Fredag 24. mars er me inviterte som gjester av Cerveteri kommune til byen der, og skal halda konsert saman med Moonlight Big Band og Nina Jori Pedersen.

Laurdag 25. mars skal me spela på Cotton Club i Roma http://www.cottonclubroma.it/ . Dette er ein av dei beste jazz-og swingklubbane i Roma !

Søndag 26. mars reiser me til byen Tolfa, ein fjellandsby nord for Roma der mange nordmenn jobbar og bur. Me skal ha konsert i teateret i byen, og det vert for det meste norsk jazzmusikk. Nina og koret hennar Coro ConCorde, skal også vera saman med oss.

 

Hausten 2017 kjem Nina til Hardanger for å syngja saman med oss.

Dette blir STORT ! :)