

Jubileumstur/turnè til Roma 23. - 28. mars 2017.
REISEBREV:
Då er turnèen over og kan oppsummerast i eit ord: SUKSESS!
Norske Nina Jori Pedersen, komponist, jazzsongarinne med eige storband i Roma og som underviser i jazzmusikk, var det faste bindeleddet vårt under opphaldet. Ho hadde sett saman eit program som var kjempeflott. Sjå også Facebooksida hennar: https://www.facebook.com/ ninajoripedersen
Vi kom til Roma torsdag 23. om ettermiddagen og fekk ein 3 timar guiding av norske Astrid Tafjord, som har budd i Roma i over 60 år. Det vart eit lite innblikk i kunst, arkitektur og kulturhistorie, som for mange gav meirsmak.
I 3 dagar var vi så heldige å ha med oss 2 gjestemusikarar/-solistar frå Roma; fantastiske Davide Di Pasquale på trombone og Pierpaolo Principato på piano. I tillegg var Nina Jori Pedersen sangsolist på ein nydeleg sang som ho sjølv har komponert og fått skrive for storband – The moon an I.
Fredag 24. mars hadde vi første konserten vår i Cerveteri, ein by utanfor Roma. Kommunen hadde invitert oss og gav oss først ein guida sightseeing i det etruskiske necropoli.Gravfeltet er med på UNESCO si verdsarvliste.
Konserten var i kommunehuset der vi høgtidleg vart ønskt velkomen av ordføraren. Maestroen vår, Arild, hadde teke med seg både seljefløyte og neverlur på turen, og det sette ein ekstra norsk spiss på programmet. Både gjestetrombonist- og pianist, gjekk rett inn i programmet vårt og lyfta det til nye høgder, saman med HBB, Arild og vår eigen sangsolist Kristine Drake. På fleire av sangane var også medlemer frå Nina sitt storband å spela saman med oss. Dirigenten deira var også gjestedirigent for HBB på eit musikkstykke. Vi hausta stor applaus.
Etterpå hadde kommunen bestilt 3 rettars middag til oss på ein lokal restaurant. Cerveteri vart ein flott start på turnèen!
Laurdag 25. mars stod Cotton Club i Roma for tur. Dette er ein av dei beste jazz-og swingklubbane i Roma, og spelinga vår svinga som berre det. Stor stemning, fantastiske solistar og eit entusiastisk publikum som høyrde på vart oppsummeringa. Samspelet med dei 2 gjestemusikarane og HBB sine eigne solistar var framifrå. Klubbeigaren vart så nøgd at han la oss rett ut på heimesida under konserten. Invitasjon om å koma tilbake kom raskt, og det seier vel sitt! No står namna våre på veggen i Cotton Club RomaJ
Søndag 26. mars reiste vi til byen Tolfa, ein fjellandsby nord for Roma. Konsert var i Teatro Claudio i byen og Nina og koret hennar Coro ConCorde var også med. Det var eit kjempegodt kor med eit særdeles variert program med utfordrande komposisjonar, som dei løyste til stor applaus.
Det var mange tilhøyrarar der også, og HBB gjorde ein formidabel god konsert. Også her kom neverluren og seljefløyta fram, og Arild sette salen i stor steming allereie frå første tone. Det varierte med solospeling med gjestemusikarane våre, duettsang med Arild og Kristine, Arild på trompet og flugelhorn , samt vår eigen Rainer Pawlack på saxofon, for å nemna nokon. Ein strålande konsert!
Tolfa har eit norsk senter for kunst og kulturutveksling, og medlemer der ifrå serverte oss norsk laks og lokale vinar som aperitiff før konserten,
Oppsummering:
Denne 5 dagars jubileumsturen til Roma vart eit skikkeleg høgdepunkt for Hardanger Big Band. Medlemane gjorde kvar og ein sitt til at det musikalske nivået gjekk opp fleire hakk,- så her er det berre å halda fram mot nye høgder. Takk til den flotte dirigenten vår Arild B. Nielsen!
I veke 43 kjem Nina Jori Pedersen på gjenvisitt til oss. Ho har med seg
fantastiske Davide Di Pasquale på trombone og Pierpaolo Principato på piano.
Føl med på heimesida vår og sjå fram til spanande konsertar med henne og Hardanger Big Band.







