HARDANGER BIG BAND

Jondal / +47 416 25 549  / angunnh@online.no

© 2019 Hardanger Big Band.

  • YouTube Social  Icon
  • LinkedIn Social Icon
  • Facebook Social Icon

Hardanger Big Band (HBB) vart starta av musikalsk leiar Arild B. Nielsen i Jondal, Hardanger, i 1987. Han har sidan leia og utvikla storbandet, som har medlemmar frå heile Hardanger (og Bergen). HBB sin øvingsdag er fredagar i Jondal.

 

Bandet har samarbeidd med mange norske jazzmusikarar og solistar, til dømes Jens Wendelboe, Bendik Hofseth, Frank Brodahl, Gisle Torvik, Kenneth Sivertsen, Olav Dale, Erik Smith og Herborg Kråkevik, som også var fast vokalist ei tid.

 

I 2003 vart Hardanger Big Band tildelt Jondal kommune sin heiderspris.

HBB har mellom anna spelt konsertar i Oslo Konserthus, Flensburg (Tyskland), Fana Kulturhus, Bergen, Cotton Club Roma (Italia) og delteke på Vossajazz, Kongsberg Jazzfestival, Berlin Big Band Award, Ålesund storbandfestival, Romerike storbandfestival og Hardingtonar.

Dei siste åra har HBB hatt eit svært godt prosjekt- og konsertsamarbeid med jazzsangerinna Nina Pedersen og pianist Pierpaolo Principato i Roma, Italia. Det har ført til to konsertturnèar i Italia, konsertturnè i Hordaland og konsert på Vossajazz 2019.

I tillegg til konsertprosjekt - gjerne i samarbeid med profesjonelle musikarar frå heile landet - tek vi på oss spelejobbar til både små og store arrangement. Vi spelar variert musikk, gjerne til dans/underhaldning i brullaup, julebord, firmafest, bursdag, events, idrettsarrangement m.m. Ingenting er for stort eller for lite for oss - ta kontakt for tilbod!

Hardanger Big Band sin besetning er fem saksofonar, tre trombonar, fire trompetar, bass, gitar, piano, slagverk og vokalist.

Arild B. Nielsen

Musikalsk leiar

(0047) 92 66 60 43

Angunn Handegard Trå

Booking

(0047) 41 62 55 49

OM STORBANDET

STORBANDET  HARDANGER BIG BAND: